Namnesak om Spekebakk/Spikjibakk/Spekjebakke

Kartverket har reist namnesak om namnet Spekebakk/Spikjibakk/Spekjebakke, og Språkrådet har sendt desse namna på lokal høyring for å få svar på kva som er rett uttale.

  • Spekebakk / Spikjibakk / Spekjebakke / Spekjibakke (seter/støl)
  • Spekjebakke (stølseigedom, bruk 115/5)
  • Spekjibakkes jakt- og fangstrett (bruk 115/9)
  • Spikjibakkvegen (adressenamn)

 

Dersom du kjenner namna og veit kva som er rett lokal dialektuttale, ber me deg sende svar til Nord-Aurdal kommune innan 1.12.2024 på nak@nord-aurdal.kommune.no eller per post til:

Nord-Aurdal kommune
Postboks 143
2900 Fagernes