Informasjon om fastlegesituasjonen i Nord-Aurdal kommune

Fagernes legesenter har det siste året opplevd betydeleg auka arbeidsmengde i samband med pandemien. No er situasjonen i tillegg slik at ein fastlege sluttar 15. mai og ein annan fastlege skal ha utdanningspermisjon frå 1. juni. Kommunen jobbar med å skaffe vikar og med å lyse ut den ledige stillinga.

I sommar må vi prioritere akutte medisinske tilstandar, og det blir lite ordinære timar tilgjengeleg. Ventetida på time blir lengre og mange vil kome til å få til svar at dei må ringe tilbake seinare. Det er likevel viktig at pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom, eller ved forverring av sjukdom, tek kontakt.

Vi ber om at pasientane våre ser over at dei har reseptar til over sommaren, og at dei gjerne tek kontakt i løpet av dei næraste vekene om dei treng ny resept. Ta gjerne kontakt via www.helsenorge.no for reseptbestilling.

Vi oppmodar alle om å bestille time minst 2 månader før ved behov for å fornye førarkort. Kommunale samarbeidspartnarar og NAV vil også merke at fastlegestillingar står ubesett og at bemanninga vert redusert.

 

Med helsing

Irene Øygard
Kontorleiar Fagernes legesenter